Spinat gjer deg ikkje berre stor og sterk. Du blir også mett og blid. Av alle grønsaker i verda, trur eg spinat er den som flest har høyrt om, men ikkje smakt sjølv
I barndommen med kjentes det som om vi hadde fisk åtte gongar i veka. Men eit av høgdepunkta var dagen derpå klippfiskmiddagen, då restane blei til «plukkfisk»
Her har du ein sikker vinnar mellom all julematen. Det kan bli nok ribbe, svor, kalkun og steik. Då er det greitt å ha ei enkel og god kvardagskebaboppskrift på lur
Eg har sylta små agurkar heilt sidan studietida på hybel. Vi budde nær ein fin grønsakshandlar som fekk inn det meste, og då var vegen kort til å lage desse fine agurkane
Det er mykje godt ein kan laga med lefser, og det treng slettes ikkje alltid smaka pulver-tex-mex. Det hender rett som det er at me plutseleg oppdagar at både skap, fryseboks og kjøleskap er overfylt av mat me har kjøpt inn utan nokon konkret plan for kva me skal bruka det til
Ein enkel og god biffmiddag skal du ikkje kimsa av. Me prøver – og eg understrekar prøver – å ha ein viss plan for kva me skal ha til middag dei ulike dagane her i heimen, sånn at me kan handla inn råvarer på nokolunde fornuftig vis
Det er på tide at eg bloggar litt om mat igjen. Sidan eg framleis ligg i sjukesenga har eg laga meg ein stor porsjon grønsaksvaflar som eg kan ha til både frukost, lunsj og middag
Fyr i grillen, og finn fram kyllinglåra. Kyllinglår er spesielt bra til å ha på grillen, fordi det ikkje tørkar ut på same måten som kyllingbrysta gjer når det blir varmebehandla
Ostesmørbrød treng på ingen måte vera noko simpelt. Dette er vel kanskje like mykje ein kyllingsandwich som eit ostesmørbrød, men eg kallar det no eit ostesmørbrød likevel, i og med at det trass alt er gratinerte osteskiver, og det også er eit smørbrød
Kommentarer
Logg inn eller Registrer deg for å skrive en kommentar.